NM regionlag U16 – første dag

Fredag 15. januar starta årets NM for regionslag U16 i Kringsjåhallen i Oslo. Hordaland var representert med både jente- og gutelag. Med fleire samlingar og gode førebuingar var det ein god volleyballtropp Hordaland Volleyballregion stilte med i år. Første dag startar med innmarsj og nasjonalsong, slik det høver seg i eit NM, samt innleiande puljespel.

Hordaland gutar spelte i pulje med region Nord, Øst og Agder. Opningskampen kl 1530 var mot Agder, og det var spennande korleis gutane ville handtere første kamp. I turneringsspel tar det gjerne litt tid å kome i gang. Gutane viste seg å vere godt førebudd og spelte ein veldig bra kamp mot eit godt Agder-lag. Vann kampen 2-0 (25-23, 25-19). Dette skulle seinare vise seg å vere ein nøkkelkamp for å vinne pulja, og i utgangspunktet få ein enklare semifinale. Andre kamp for dagen var mot region Nord kl 1815. Her var det klasseforskjell mellom laga, og Hordaland vann enkelt 2-0 (25-8, 25-9). Hordaland hadde da lagt eit godt grunnlag for vidare sluttspel, og ville berre trenge 1 sett mot Øst laurdag morgon for å vinne pulja.

Jentelaget møtte Rogaland i sin opningskamp kl 1300, laget som seinare vann finalen. Sterk serving av Rogaland gjorde at Hordaland tapte kampen 0-2 (14-25, 15-25). I sin andre kamp kl 1700 slo jentene Nord 2-0 (25-23, 25-15). Det var difor gode høve for å gå vidare til semifinalen med siger mot Møre og Romsdal laurdag morgon.

Dei fleste kampane til Hordaland vart streama av «Stream Team» (Brit og Svein). Opptaka ligg her, i ca ein månad til.

Kampoppsett og resultat her.

Rapport frå dag 2 og 3 kjem seinare. Da kjem jentene sterkare på fotofronten og!

Advertisements

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s