NM regionlag U16 – andre dag

Andre dag i NM starta med siste puljekamp for både jente- og gutelaget. Gutane spelte kl 0800 mot Øst, jentene samstundes mot Møre og Romsdal. Gutelaget ville gå vidare med å ta eitt sett mot Øst, etter at Agder slo Øst 2-1 kvelden før. Hordaland spelte ikkje opp mot sitt beste, og tapte første sett 21-25. I andre sett gjekk det betre med siger 25-14, og ein gjekk til tredje sett med godt håp om å gå gjennom puljespelet utan tap. Øst vart likevel for sterk, og tok settet 15-7 og kampen 2-1. Dette gjorde at Agder vart nummer tre og ute av øvre sluttspel. Slik vart resultat og tabell i gutar pulje 1:

3 Øst Nord 2 – 0 (25-19, 25-17)
4 Hordaland Agder 2 – 0 (25-23, 25-19)
6 Øst Agder 1 – 2 (21-25, 25-22, 9-15)
5 Hordaland Nord 2 – 0 (25-8, 25-14)
2 Øst Hordaland 2 – 1 (25-21, 14-25, 15-7)
1 Agder Nord 2 – 0 (25-14, 25-21)

Tabell   S   V   T   Settforskjell   Poengforskjell   P  
Hordaland 3 2 1 5 – 2 153 – 118 4
Øst 3 2 1 5 – 3 159 – 151 4
Agder 3 2 1 4 – 3 154 – 140 4
Nord 3 0 3 0 – 6 93 – 150 0

Jentene måtte vinne sin kamp mot Møre og Romsdal for å bli nummer to og gå vidare til semifinale. Det vart ein jamn kamp, men der Hordaland var sterkast på slutten av begge setta og vann kampen 2-0 (25-22, 25-22). Hordaland hadde da begge laga i semifinale og regionen gjekk mot sitt beste resultat i NM nokon gong. Resultat og tabell for jenter pulje 2:

23 Nord Møre og Romsdal 1 – 2 (26-24, 23-25, 6-15)
24 Rogaland Hordaland 2 – 0 (25-14, 25-15)
20 Rogaland Møre og Romsdal 2 – 0 (25-12, 25-8)
19 Nord Hordaland 0 – 2 (23-25, 15-25)
21 Nord Rogaland 0 – 2 (11-25, 9-25)
22 Hordaland Møre og Romsdal 2 – 0 (25-22, 25-22)

Tabell   S   V   T   Settforskjell   Poengforskjell   P  
Rogaland 3 3 0 6 – 0 150 – 69 6
Hordaland 3 2 1 4 – 2 129 – 132 4
Møre og Romsdal 3 1 2 2 – 5 128 – 155 2
Nord 3 0 3 1 – 6 113 – 164 0

I semifinalane møtte gutane Sogn og Fjordane (kl 1145) og jentene Agder (kl 1030). Jentene stod for ei flott opphenting i første sett og vann dette 25-23. I andre sett kom Agder, med sitt favorittstempel, tilbake og vann  25-18. I tredje sett var det rimeleg jamnt og spennande, men der Agder drog frå på slutten og tok settet 15-10 og kampen 2-1. Likevel kjempeflott innsats av Hordaland, som da var klare for bronsefinale mot Trøndelag på søndagen.

I gutane sin semifinale møtte dei eit Sogn og Fjordane-lag som viste seg frå ei heilt anna side enn i tidlegare kampar. Naboane i nord kjempa hardt og overraska med godt spel. Hordaland låg under i første sett heilt til 19-24. Settet såg fortapt ut, men så lå Samson Olsen eit perfekt legg til Eirik Bjelland som dunka inn ein hard og velplassert pater. På stillinga 20-24 gjekk så Ivar Utbjoe Andersland på serveplass og serva inn heile seks ballar på rad til settsiger 26-24. Ei fantastisk opphenting av laget, som og roa nervane før neste sett. Her vart det og jamnt, men der hordalandsgutane drog settet i land med 25-21 og 2-0 siger. Hordaland var da for første gang kvalifisert til å spele finale! Finalemotstandar vart Møre og Romsdal som slo Øst relativt greitt 2-0 i den andre semifinalen.

Rapport frå finaledagen kjem snart! Her er rapporten frå første dag i NM.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s