NM regionlag U16 – finaledag!

Søndag 17. januar 2016 vart ein stor dag for hordalandsvolleyballen med bronsefinale kl 0930 for jentene og finale kl 1315 for gutane. Jentene møtte Trøndelag, spelte god volleyball og tok bronsemedalje med siger 2-0 (25-14, 25-21). Kjempeflott innsats av jentene og vel fortente bronsemedaljar! I jentefinalen slo favorittane Rogaland Agder 2-0. Resultatliste for jentene: 1) Rogaland, 2) Agder, 3) Hordaland, 4) Trøndelag, 5) Møre og Romsdal, 6) Øst, 7) Nord, 8) Sogn og Fjordane.

I gutefinalen var Møre og Romsdal motstandaren for Hordaland. Møre og Romsdal var suverene vinnarar av si pulje, og hadde ikkje tapt eit sett mot finalen. Eit jamnt og godt lag som jobba veldig godt i lag. Hordaland hadde nok levert meir variert spel, men hadde ein styrke med fleire «toppar» i forhold til enkeltspelarar. Det var difor ei open finale og to spente lag som endra finalen på stor bane i Kringsjåhallen. Stor bane og mykje publikum på tribunen er uvant, med kjekk kost. I første sett gjekk det jamnt opp til om lag 14-14, før Møre og Romsdal festa eit grep på kampen og drog frå til 25-16. Hordaland stoppa litt opp og fekk ikkje etablert godt nok angrepsspel. I andre sett justerte Hordaland noko og tok ein knusande settsiger 25-9. Det var da klart for eit nervepirrande tredje sett. Møre og Romsdal fekk eit lite overtak fram mot sidebytte, men Hordaland klarte å utligne til 10-10. Diverre bikka det feil veg for Hordaland, og Møre og Romsdal klarte å ta tredje sett 15-11 og kampen 2-1. Gratulerer til Møre og Romsdal, men og til Hordaland som leverte ein svært god finale. Det var og første gang Hordaland har vore i finale i NM for regionlag. Resultatliste gutar: 1) Møre og Romsdal, 2) Hordaland 3) Øst. 4) Sogn og Fjordane, 5 Agder, 6 Rogaland, 7) Trøndelag, 8) Nord.

At Hordaland hadde fleire «toppar» kom og til syne ved oppropet til All Star-laget der Hordaland tok fire plassar på gutelaget. Her vart Ivar Utbjoe Andersland beste kant, Samson Olsen beste oppleggar, Eirik Bjelland beste midt og Nikolai Hordvik beste diagonal. Kjempeflott innsats av gutane, og veldig kjekt å kome heim med mange og sterke volleyballopplevingar. På jentene sitt All Star-lag vart Tora Aksnes Øystese beste kant. På både gute- og jentesida lovar NM-resultata godt for framtida for volleyballen i regionen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s